Referat frå samtalen, utan kveldsarbeid

Memoric tek opp samtalen eller møtet og skriv eit utkast til referat etter malen dokker brukar. Saksbehandlaren les gjennom, rettar og limer teksten inn i fagsystemet.

Norsk selskap • Behandla i EU/EØS • Sletta etter 48 timar

Kven sa kva

Utkastet skil mellom det barnet seier sjølv og det foreldra eller andre fortel. Barnet sine ord står ordrett, og saksbehandlaren ser kva som skal kontrollerast.

Dokker sin mal

Samtale med barnet, heimebesøk eller ansvarsgruppemøte: utkastet følgjer malen dokker brukar i dag, på bokmål eller nynorsk.

Saksbehandlaren bestemmer

Memoric skriv berre utkast. Det gjer ingen faglege vurderingar, og vurderingsdelen står open for saksbehandlaren.

Korleis det fungerer

1

Ta opp

I nettlesaren på PC eller mobil. Du kan også laste opp ei lydfil. Ingenting å installere.

2

Få utkast

Samtalen blir skriven ut, og referatet blir fylt inn etter malen.

3

Les og lim inn

Rett det som må rettast, og lim teksten inn i fagsystemet.

Personvern

Innanfor EU/EØS

Opptak og tekst blir lagra i Finland og behandla hos underleverandørar i EU/EØS. Ingenting blir sendt ut av EU/EØS.

Sletta etter 48 timar

Opptak, transkripsjon og utkast blir sletta automatisk etter 48 timar. Referatet dokker tek vare på, ligg i dokker sitt fagsystem.

Avtalar og underlag

Dokker får databehandlaravtale, liste over underleverandørar og underlag til ROS og DPIA før oppstart.

Pilot

Seks månader

Opptil ti saksbehandlarar. 75 000 kr eks. mva. for heile perioden.

Alt er med

Oppsett av malane dokker brukar, opplæring og hjelp undervegs.

Målt, ikkje berre tippa

Me måler tid brukt på referat og kor mykje som må rettast, før og under piloten.

Kontakt

Selskap

Woodnote AS, org.nr. 933 996 441

Vil du sjå det?

Ein demo tek 20 minutt på Teams. Me viser eit referat frå ein oppdikta samtale, så dokker ser korleis utkastet blir.

Avtal ein demo